Lothepus: – Trist. Dei bør komme å gjere opp for seg

SKUFFA: Bokforfattar Finn Tokvam og Leif Einar Lothe kan ikkje forstå korleis folk tok med seg rundt 50 bøker frå Notabene i Førde under signeringa på laurdag. Dei er no på veg til Hardanger.

SKUFFA: Bokforfattar Finn Tokvam og Leif Einar Lothe kan ikkje forstå korleis folk tok med seg rundt 50 bøker frå Notabene i Førde under signeringa på laurdag. Dei er no på veg til Hardanger. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Både Leif Einar Lothe og biografi-forfattar Finn Tokvam er sjokkerte over at folk forsynte seg med bøker utan å betale.

DEL

– Det er trist. Dei bør komme tilbake med boka og gjere opp for seg, seier Lothe.

– Butikksjef Ann-Katrin Olsen fortener ikkje å tape på at ho arrangerer noko slikt. Vi blei godt mottatte, og det var kjekt, seier Finn Tokvam.

Då dei skulle signere Lothepus-biografien utanfor Notabene på Amfi på laurdag, forsvann rundt 50 bøker. Tilsette på bokhandelen tok fleire på fersken, som hevda at dei trudde bøkene var gratis.

Verken Tokvam eller Lothe har sett liknande, eller høyrd om andre med slike erfaringar.

– Eg tenkte å ringe butikksjefen no og høyre korleis det går. Dette var ein kjekk dag for ho butikken. Ein blir ikkje rik av å drive bokhandel i småbyar. Så det er utruleg trist at slikt skal skje, seier Tokvam.

Både han og Lothe vil vere forsiktige med å påstå at 50 bøker er blitt stolne med vilje. Men dei synest det er merkeleg at så mange bøker plutseleg forsvinn.

– Det er ikkje så god Førde-reklame. Eg håpar folk møter opp i morgon, seier Tokvam.

No er han og Lothe på veg til Hardanger. Framover skal dei signere bøker på Voss, i bergen og andre stader på Vestlandet.

Butikksjef på Notabene, Ann-Katrin Olsen, har i skrivande stund ikkje fått nokon som har meldt seg.

– Eg håpar sjølvsagt på respons i kommande veke, seier ho.

Artikkeltags