Konfliktrådet slår seg saman slik som politidistrikta

Det skal ikkje bli reduksjon i tal kontor, men leiinga skal reorganiserast.

DEL

Frå 1. juli i år vil dei 22 konfliktråda i landet bli 12.

Ingen av dei 22 kontora skal leggast ned, men leiinga blir organisert slik dei nye politidistrikta har organisert seg, står det i ei pressemelding frå Konfliktrådet.

Endringane skal ikkje gå utover tilgjengelegheita for publikum, men fleire av kontora vil ha felles leiing.

Bakgrunnen for omorganiseringa er eit ønske om å bruke fleire resursar på fag, skape meir robuste fagmiljø og reindyrke leiarroller på færre tilsette, står det i pressemeldinga.

Konfliktrådet Vest vil ha kontor i Førde og Bergen.

Artikkeltags