Familie i Haukedalen måtte rømme frå vassmassane

Sette seg i bilen, klare til å rømme til hytta.

DEL

– Ein familie i Haukedalen i Førde kommune rømte frå huset sitt i uvêret i natt, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

– Ein mann ringde inn her klokka 0233, og fortalde at ei elv rann over tunet hans og inn i kjellaren i bustadhuset. Han fortalde at han ville ta med seg kone og born på ei hytte i nærleiken, utover det vart det ikkje gjort operative tiltak, seier Sætre.

Det einaste politiet elles veit om av vasskadar etter regnvêret i natt, er ei melding om at ei elv gjekk over sine breidder og oversvømte E39 rett sør for Movika i Førde.

– Vi fekk purra entreprenør som nokså raskt var på staden og ordna opp. Vegen var ikkje på noko tidspunkt stengt, seier Sætre.

Husbrann etter lynnedslag

Sogn og Fjordane slapp dermed for det meste unna uvêret som kom inn over Vestlandet i går kveld. I Hordaland, derimot merka ein vêret godt.

Eit hus på Sotra vart totalskadd i brann etter at lynet slo ned.

E16 mellom Voss og Bergen er stengt, og vil bli verande stengt i mange timar, etter at eit ras i Kvam i natt. Raset er ikkje veldig stort, men vatn grev seg under vegen, sa trafikkoperatør Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen til BA i natt.

Vegar stengde og hus evakuert

Også fylkesveg 314 i Bergsdalen er stengt etter fleire ras.

På fylkesveg 49 ved Norheimsund er vegen forsvunnen, og det blir neppe opna med det første, seier Marøy til BA.

I Kvam måtte to personar evakuerast frå eit hus.

– Huste er ikkje verande i. Vi har ikkje vore inn i huset, men det blir sagt at vatnet fossa gjennom huset, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved vest politidistrikt.

Artikkeltags