Gjensidige Forsikring stenger kontoret i Førde

OVER: Gjensidige Forsikring legg ned kontoret i Førde og satsar på å hjelpe privatkundar berre på nettet.

OVER: Gjensidige Forsikring legg ned kontoret i Førde og satsar på å hjelpe privatkundar berre på nettet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Det skriv Gjensidige i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

DEL

Færre besøkande og at kundane i aukande grad bruker digitale tenester, er bakgrunnen for at Gjensidige Forsikring i løpet av første halvdel av 2019 stenger kontoret i Førde, skriv Gjensidige Forsikring i pressemeldinga.

Det er to tilsette som kunderådgivarar for privatkundar ved kontoret i Førde. Tysdag fekk dei beskjeden om at kontoret vert lagt ned. Førebels er det ikkje klart kva som skjer med desse.

– Vi skal ha samtalar med dei dei neste dagane, og håpar å finne gode løysingar for dei. Det er klart det er trist for dei tilsette. Det er fantastisk flinke folk som har jobba der, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

– Det er alltid trist å legge ned eit kontor, men utfordringa er at vi ser at kundane sjølve ønsker å bruke internett og telefon. Det er få som besøker kontoret.

Han opplyser at selskapet har gjennomført grundige kundeundersøkingar som viser at færre fysisk besøker kontora deira og at fleire og fleire ønsker å både kjøpe og endre forsikringane sine på nett.

Datoen for stenginga er ikkje bestemt.

Voll fortel at dei samtidig er i gang med å opprette eit eige online rådgivingsteam som skal ha same kompetansen som rådgivarane på kontoret har hatt. Planen er at kundar då kan ha dialog med rågivarane, der dei kan både sjå og høyre den dei snakkar med.

– Det blir eit veldig spennande prosjekt, meiner Voll.

– Det er gjerne eldre kundar som besøker kontoret fysisk?

– Ja, men det er heller ikkje mange av dei. Personleg trur eg ikkje eg kjenner ein einaste person som har vore innom eit slikt kontor på lang tid.

Gjensidige Forsikring har også to tilsette på næringsliv, som har høyrt til kontoret i Førde. Desse to skal halde fram med utgangspunkt i Førde, men kor dei vert lokalisert er ikkje bestemt.

– For næringslivskundar vil det ikkje bli nokon endringar, seier Voll.

Artikkeltags