Kan bli varmerekordar: – Blir skikkeleg varmt

NY REKORD?: Meteorologen kan ikkje utelukke at vi kan gå mot nye varmerekordar fredag.

NY REKORD?: Meteorologen kan ikkje utelukke at vi kan gå mot nye varmerekordar fredag. Foto:

Fleire stader i fylket luktar på varmerekordar fredag.

DEL

– Det blir skikkeleg varmt dei neste dagane, seier Magni Svanevik, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

I fjor sette Lærdal ny varmerekord i Sogn og Fjordane med 33,4 grader. Det skjedde 27. juli.

Fredag 26. juli i år kan det kanskje bli ny rekord:

– Det kjem veldig varm luft, eg tvilar på at det kan bli rekord, men det er heller ikkje utelukka. Temperaturen vil ligge kring 30 grader.

Mellom anna kan også Dale, Askvoll og Førde også få rundt 30 grader fredag.

Sidan 1992 har det vore målestasjonen ved Tefre i Førde. Rekorden etter den tid blei sett 16. juli 2003. Då synte gradestokken 32,5 grader.

Meteorologen sit ikkje med tal frå Tefre i fjor, men Bringeland sette ny rekord med 31,8.

Fredag ser det ut til at vi kan vare nære den gamle rekorden i Førde, men truleg vil vi ikkje knuse nokon varmerekord.

– Men det vil nok ikkje vere så langt unna, seier Svanevik.

Vi kan risikere tore onsdag kveld og natt til torsdag, men elles slår varmen til for alvor fredag og vil halde seg til måndag.

Tysdag vil temperaturen søkke litt og vi vil få litt meir ustabilt vêr med regn.

Vi har hatt ein varm og tørr vinter – her var det varmast

Sunnfjords varmaste? 

Artikkeltags