- Dei heng fast i grendetenkinga

- Utspela frå Håkon Myrvang og Oddmund Klakegg viser at dei heng fast i grendetenkinga, skriv kommentator Helge Johnsen.

- Utspela frå Håkon Myrvang og Oddmund Klakegg viser at dei heng fast i grendetenkinga, skriv kommentator Helge Johnsen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarSnart ein og ein halv månad etter folkerøystingane, ser vi konturane av storkommunen kome til syne, om lag så sakte og skiftande som vi måtte rekne med. Indre Sunnfjord har kome dit i prosessen at djevelen tek til å dukke opp i detaljane. Haf-kommunane Fjaler, Askvoll og Hyllestad er i villreie, og medan tida går og kaos rår, leitar Fylkesmann og statsråd fram tusj og fargestiftar. Mange gløymer at det er dei som til slutt teiknar dei nye grensene.

Forviklingane vitnar om kor vanskeleg det er når lokalpolitikarar må over i eit nytt tenkjesett, der det handlar om å bli ein del av ein større heilskap. Storkommunediskusjonen som har gått føre seg i meir enn eitt år, har hatt som visjon organisere seg slik at ein gir regionen større tyngde og løfter han til ein høgare divisjon, samstundes som ein tek vare på lokal identitet og nære tenester. Då kan ein ikkje i lengda halde fram med eit politisk spel i grendeserien.

Skal den nye kommunen bli offensiv og framoverretta, må det tenkast heilskap og fellesskap. Det blir eit destruktivt utgangspunkt, om ein opptrer som om det først og fremst handlar om å sikre sin gamle kommune innanfor den nye eininga. Vi ser trekk av dette, når det frå Jølster og Naustdal blir snakka om eigne fond som skal sikre at kraftkroner og venta industriinntekter ikkje skal kome heilskapen til gode. Ein retorikk som handlar om å sikre seg mest mogleg, vitnar ikkje om vilje til å bygge styrke saman og skape vinnvinn-situasjonar, men om å henge fast i grendetenking. Folkerøystingane tyder på at fleirtalet av innbyggarane meiner den bør vere forbi.

Det minner om dribling i grendeserien, når fleirtalet i Naustdal formannskap ikkje kan oppfatte at til saman 64 prosent for samanslåing i liten eller stor SiS er eit fleirtal – medan Askvoll kanskje fryktar å bli verande i grendeserien, men i det minste ønskjer å ha heimestadion for laget: Straks Førdefjorden-delen av kommunen signaliserte at dei vil til Førde, vart frieriet frå Fjaler om ei samanslåing med Askvoll som kommunesenter interessant.

Utfordringane som ventar i dei neste førti-femti åra, og dei endringane vi ser rundt oss, krev ei tenking som handlar om meir enn å sklitakle naboen i neste grendekamp. Torsdagens ferske oversyn over folketalsutviklinga fortel på sin måte kva det handlar om. Ein samla vekst på tre personar i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, og på sju i Haf-kommunane sett under eitt, er ei utvikling som må møtast med nye grep, med å spele kvarandre gode, og med å bli synlege på ein annan måte enn i dag. Bygdene vil trenge Førde, og Førde vil trenge vekst i bygdene ikring. Det er ingen grunn til grendekamp.

Artikkeltags