Ambulansebåten får leve i to år til

UTSET NEDLEGGING: Ambulansebåten i Askvoll får leve to år på overtid, om styret vedtek råda frå administrasjonen i Helse Førde.

UTSET NEDLEGGING: Ambulansebåten i Askvoll får leve to år på overtid, om styret vedtek råda frå administrasjonen i Helse Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ASKVOLL: Administrasjonen rår styret i Helse Førde til å inngå ei mellombels avtale om båtambulanse for dei neste to åra i Askvoll.

DEL

Dersom styret går for denne løysinga, tyder det at ordninga med to båtar, ein i Askvoll og ein i Solund, vert vidareført fram til ny båt er på plass. Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Helse Førde har tidlegare vedteke å legge ned ambulansebåten i Askvoll, for å satse på eit tilbod med ein meir moderne ambulansebåt som skal vere utstasjonert i Solund. I tillegg skal det vere ein taxibåt eller eit anna transportalternativ for folk på Atløy.

Det er den tidkrevjande prosessen med å lage kravspesifikasjon, lyse ut, gjere nye avtaler, bygge og få på plass den nye båten som gjer at Helse Førde såg seg nøydde til å la ambulansebåten i Askvoll leve i to år til. Når desse to åra er omme, skal den nye ambulansebåten vere på plass i Solund, slik styret vedtok i fjor haust.

I kontraktane for den mellombelse perioden, får Helse Førde også ei kvalitetsheving med noko skjerpa krav til både fartøy og maritimt mannskap.

Les også: 9-åring i brev til ordføraren

               – Utan ambulansebåten hadde vi hatt problem

Artikkeltags