Mange vegar inn til Førde sentralsjukehus stengde

– Utfordrande å frakte inn pasientar, melder sjukehuset som er sett i beredskap etter naturøydeleggingane.

DEL

– Det er til no ingen skadde etter jordskreda i området, men mange vegar inn til sjukehuset er stengde. Dette gjer det utfordrande å frakte pasientar og personell frå nord og aust.

Det melder Helse Førde i ei pressemelding.

Normal drift på sjukehuset

Tre ambulansar blei tysdag fanga mellom skred i området rundt Jølstravatnet. Ingen av ambulansane hadde pasientar med seg, men det er uvisst kor mange av ambulansane som framleis står fast.

– Sjukehuset vart omgåande sett i beredskap då første melding om jordskred ved E39 i Jølster kom inn i går. Det var i startfasen sett i verk ressursstyring og styrking av ambulansar då tre av Helse Førde sine ambulansar vart fanga i rasområda.

Det skriv kommunikasjonsrådgjevar for Førde Sentralsjukehus Thomas Christopher Manzini Lindseth.

Sjukehuset melder om normal drift, trass i at ikkje alle tilsette kom seg på jobb i dag. Fordi mange vegar framleis er stengde, er Førde avskore frå Nordfjord og Sogndal.

Dirigerer om ambulansane

– AMK vil styre pasienttransportane frå Sogn via Høyanger eller direkte til Voss eller Bergen. Pasientar frå Nordfjord vil bli sende til Volda og Ålesund ut frå medisinsk behov, skriv Lindseth.

Sjukehuset melder at luftambulanse og redningshelikopter i Førde og omliggande basar er operative og vil hjelpe til ved behov. Dei ber om at alle polikliniske pasientar som er hindra i å møte til avtalar på grunn av ras, melder frå til sjukehuset.

– Det har så langt ikkje vore problem med pasienttransportar frå dei aktuelle rasområda, melder Lindseth.

Artikkeltags