20 pasientar smitta av norovirus ved Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus.

Førde sentralsjukehus. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: I tillegg er 6–7 tilsette ved sjukehuset smitta. Det blir no sett i verk tiltak for å hindra at fleire får viruset.

DEL

Det er no sett gul beredskap i Helse Førde, etter at om lag 20 pasientar er smitta av NORO-virus. Ingen av dei smitta skal vere alvorleg sjuke, skriv sjukehuset i ei pressemelding.

Fem avdelingar er råka: ortopeden, føde/barsel, intensiv, medisinsk og kirurgisk. Nokre er berre smitta av norovirus, og nokre har ein kombinasjon av norovirus og influensa.

Norovius

  • Ein svært smittsam magetarminfeksjon
  • Den vanligste årsaka til utbrot av omgangssjuke
  • Vanlege symptomer er kvalme, oppkast, magesmerter og diaré

Det er ikkje registrert smitta pasientar ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord.

For å hindre meir smitte har sjukehuset sendt ut melding til alle fastlegar om at alle innleggingar som ikkje må skje komande dagar bør verte avgrensa. Tilsette som er smitta har karantenetid på 48 timar.

Sjukehuset oppmodar også til avgrensa besøk på sjukehuset så langt det er mogleg.

Artikkeltags