Åsmund (39) vart født på fødeavdelinga to dagar etter opninga

– Eg gjekk i spenning og venta på om eg ville rekke å føde i Førde, seier Turid Synnøve Håheim Hestad. To dagar etter opninga av fødeavdelinga, fødde ho Åsmund på sentralsjukehuset i Førde.