Slik syklar du trygt i trafikken

SYKLIST: Trafikkreglane fortel deg kva reglar som er gjeldande for syklistar. Dei stiller også ein del krav til utstyret på sykkelen.

SYKLIST: Trafikkreglane fortel deg kva reglar som er gjeldande for syklistar. Dei stiller også ein del krav til utstyret på sykkelen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: Om du trur bilførar har vikeplikt for deg når du kjem syklande over eit gangfelt, tek du feil.

DEL

Har du børsta støvet av sykkelen for våren, men rusten på kva trafikkreglar som gjeld for syklistar?

Då er du ikkje åleine.

Respons analyse har på oppdrag for Statens vegvesen gjennomført ei undersøking blant syklistar. Den viser at mange er usikre på kva for reglar som gjeld.

Kvart år vert rundt ti syklistar drepne og nærare 100 hardt skadd i trafikken, ifølgje vegvesenet. I 2016 mista 12 syklistar livet.

– Vi ønskjer ikkje at det skal skje nye ulukker der syklistar vert skadde eller drepne. Difor er det viktig at alle kjenner og følgjer trafikkreglane, seier avdelingsdirektør Ingrid Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dette er reglane:

  • Om du syklar på gang-/sykkelveg eller kryssar fortau, har du vikeplikt når du kryssar ein veg.
  • Om du går av sykkelen og trillar den over gangfelt, har bilen vikeplikt for deg.
  • Om du syklar i køyrebana eller i sykkelfeltet, skal du følgje reglane for vikeplikt for køyrande.
  • Som syklist i by, har du også lov til å sykle i kollektivfeltet.
  • Du kan sykle på fortauet, så lenge du ikkje er til hinder eller fare for gåande. Om det er mykje folk på fortauet, skal du gå av og trille sykkelen.

Trafikkreglane stiller også ein del krav til sykkelen. Dei kan du lese meir om på Trygg Trafikk sine heimesider.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken