Gå til sidens hovedinnhold

Google sporar deg anten du vil eller ikkje

Artikkelen er over 3 år gammel

FORBRUKAR: Google sporar bevegelsane dine og lagrar posisjonsdata sjølv når du har skrudd av posisjonsloggen på eininga di, ifølge AP.

«Du kan slå av posisjonsloggen når som helst. Viss posisjonsloggen er slått av, blir ikkje stadane du reiser til, lagra lenger».

Slik skildrar Google sine retningslinjer for personvern korleis du kan unngå at informasjon knytt til kor du er blir lagra. Det er ikkje heilt riktig, ifølge nyheitsbyrået Associated Press (AP).

Sjølv om Google for det meste er ganske opne og oppriktige om å be om løyve til å bruke posisjonen din, lagrar fleire av Google-appane automatisk posisjonsdata utan å spørje om lov – sjølv når du har deaktivert innstillingane.

Personvernssituasjonen påverkar om lag to milliardar Android-brukarar og hundrevis av millionar Iphone-brukarar rundt om i verda, som alle brukar Google sitt kart- eller søkefunksjonar.

– Det er ei rekke måtar Google kan bruke posisjon til å forbetre brukaropplevinga, blant anna posisjonslogg, app- og nettaktivitet og gjennom stadstenester på einingane, seier ein talsperson for Google i ei utsegn til AP.

Google meiner dei har sitt på det tørre og at det står klart og tydeleg i personvernskildringa deira.

– Vi gir klare skildringar av desse verktøya og robuste kontrollmekanismar slik at ein kan skru dei på eller av og slette historikken når som helst, seier talspersonen.

Kritikarar meiner grunnen til at Google er så opptatt av å spore brukarane sine er for å auke annonseinntektene.

– De trekker reklamerelatert informasjon ut av datoane. Meir informasjon om brukarane betyr truleg meir profitt for dei, seier analytikar Peter Lenz i selskapet Dstillery, som driv med annonseteknologi.

Om du vil forhindre Google i å vite kor du er, finst det ei løysning. Ved å gå inn på «Min aktivitet» i nettlesaren, kan du deaktivere både nett- og app-aktivitet samt posisjonsloggen.

Det forhindrar at posisjonsmarkørar blir knytt opp til Google-kontoen din.

Google sin pressesjef i Norge, Helle Skjervold, strekar under at det er opp til kvar enkelt bruker om dei vil tillate posisjonsloggen.

– Brukaren har sjølv kontrollen og kan redigere, slette eller skru den av når dei måtte ønske. Vi gjer det klart for brukaren at dersom dei vel å deaktivere posisjonsloggen vil vi framleis bruke stadsinformasjon for å forbetre brukaropplevinga når dei til dømes gjer eit Google-søk eller brukar Google for å få trafikkinformasjon, seier Skjervold.

Kommentarer til denne saken