Forbrukarrådet: Førde best på innbyggarsørvis

GOD SØRVIS: Forbrukarrådet meiner at innbyggarane i Førde får god informasjon frå kommunen, men det er eit stykke opp til 1. plass.

GOD SØRVIS: Forbrukarrådet meiner at innbyggarane i Førde får god informasjon frå kommunen, men det er eit stykke opp til 1. plass. Foto:

FORBRUKAR: Førde skårar best i fylket på Forbrukarrådet sin test av kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om kommunale tenester. Det er likevel ein veg til landstoppen.

DEL

– Sjå føre deg småbarnsforeldre som skal velje barnehage til babyen. Dei vil sjølvsagt vite mest mogleg om barnehagane. Trivst barna, blir foreldra høyrde, er det bra miljø? Dette treng folk å vite. Ein del kommunar gjer allereie brukarundersøkingar og legg ut svara. Openheit gir foreldra grunn til å føle seg trygge. Her kan nesten alle kommunane, også vinnaren, gjere det betre.

Dette seier Inger Lise Blyverket, ny direktør i Forbrukarrådet, i ei pressemelding om Forbrukarrådet sin kommune-test.

Alle kommunane er testa

Dei 422 kommunane i landet er testa på til saman 29.000 spørsmål. Forbrukarrådet har sendt tre ulike e-postar og har ringt to telefonsamtalar til kvar kommune. I tillegg har dei leita etter informasjon på 24 forskjellige område på kommunane sine nettsider. Ut frå dette er kommunane rangerte.

På 31.-plass, vel 12 poeng bak vinnaren Nesset kommune, finn vi Førde kommune. Førde er best i Sogn og Fjordane, men har likevel ein veg å gå.

Generelt er det store kommunar som gjer det best, men Nesset sin førsteplass viser at dette ikkje er ein regel utan unntak:

– Vi kan derfor konkludere med at det er mogleg for alle å gjere det bra, seier Blyverket.

I Sogn og Fjordane hamnar mange av kommunane eit godt stykke nede på lista. Lærdal får dårlegast skår, på plass nummer 413 av 422.

Oppfordrar til openheit

Ifølge Forbrukarrådet er det fleire kommunar som brukar resultatet frå testen som mål på eigeninnsats og som inspirasjon til forbetring. Blyverket begynte har ei klar oppfordring til kommunane:

– Dei må gjere innbyggarane til hovudpersonane. Det er dei kommunen er til for. Kommunane må spørje innbyggarane om kva dei synest, ta svara på alvor, og vere opne om dei.


Artikkeltags