Nesten tomt for løk i Norge

NESTEN TOMT: Det er nesten fritt for løk i Norge etter tørkesommaren i fjor.

NESTEN TOMT: Det er nesten fritt for løk i Norge etter tørkesommaren i fjor. Foto:

Av

Løkbehaldninga etter tørkesommaren er 70 prosent mindre i januar enn han var i fjor på same tid, og det er nesten tomt på norske lager.

DEL

Det viser tal frå Landbruksdirektoratets oppteljing.

Spesielt er gul løk utsett. I januar i fjor var det nesten 8.000 tonn løk på lager, i år er det nede på 2.600 tonn, skriv Nationen.

– Det er dårleg med løk, og eg trur dei fleste bøndene er tomme første februar. Løken vi sette i april og starten av mai vart bra. Dei vi sette rundt 17. mai tolte ikkje den varme perioden, sjølv om vi vatna tre dagar i veka, fortel bonde Ole Konrad Fløgstad til avisa.

For raudløk er situasjonen noko betre. Der har det gått frå nesten 2.900 tonn i fjor, til 1.200 tonn i år.

Når lagera no etter kvart blir tømt, må norske butikkar sjå til utlandet etter løk.

Artikkeltags