Forbrukarrådet fryktar regjeringa deler bygd og by i digitale A- og B-lag

Av

Regjeringa vil innføre leveringsplikt for breiband, men har for låge krav til å unngå digitale skilje mellom by og land, meiner Forbrukarrådet.

DEL

– Vi stiller oss heilhjarta bak forslaget om at heile landet skal koplast på nett, men kapasitetskravet må skruast betydeleg opp, viss skal vi unngå digitale A- og B-lag, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

I regjeringsforslaget blir det foreslått leveringsplikt for breiband definert som enten 10 eller 20 megabit per sekund når ein lastar ned og to megabit per sekund når ein lastar opp.

Altfor dårleg kapasitet

Forbrukarrådet meiner likevel at kravet til kapasitet må setjast vesentleg høgare viss forslaget skal få reell tyding for forbrukarane.

– Regjeringa har sjølv vedtatt ei målsetjing om at alle skal ha tilbod om høgfartsbreiband med 100 Mbit/s, då blir det for puslete å legge lista så lågt som det blir gjort her, seier forbrukardirektøren.

Nkoms dekningsrapport for 2019 viser at det er store forskjellar mellom by og land. I tettbygde strøk har 98 prosent tilgang på høgfartsbreiband med fiber, medan delen i distrikta med lågare befolkningstettleik er på 59 prosent.

Mindre attraktivt

Forbrukarrådet fryktar forskjellane vil gjere det mindre attraktivt å drive verksemder der det ikkje er tilgang til høgfartsbreiband.

– Næringslivet i framtida, skulegang og velferdstenester føreset kapasitet langt utover regjeringsforslaget, seier Blyverket.

(©NPK)

Artikkeltags