I dag testar Sivilforsvaret sirenene sine

VARSLING: Rundt om i landet er det varslingsanlegg med sirener som skal varsle folket ved akutt fare. Signala blir testa to gongar i året.

VARSLING: Rundt om i landet er det varslingsanlegg med sirener som skal varsle folket ved akutt fare. Signala blir testa to gongar i året. Foto:

Signalet betyr i praksis at du skal søke informasjon i t.d. radio, TV, kriseinfo.no og sosiale medium. Dette skjer onsdag.

DEL

Kvart år testar Sivilforsvaret varslingsanlegga sine i januar og juni. Signalet vert sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom kvar.

Rundt om i landet er det ca. 1250 slike anlegg med sirener som skal varsle folket ved akutt fare.

- I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med påfølgande utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier direktør Cecilie Daae i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstadar, langs veg og jernbanelinjer der det vert frakta farleg gods, og ved verksemder som kan sleppe ut giftige eller farlege kjemiske stoff. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av folket, seier Daae.

I Firda sitt dekningsområde er det slike varslingsanlegg i Høyanger, Førde og Florø.

Artikkeltags