Forbrukartilsynet melder XXL

MELDE TIL POLITIET: Sportskjeda XXL er melde til politiet for medvite å ha ført forbrukarane bak lyset.

MELDE TIL POLITIET: Sportskjeda XXL er melde til politiet for medvite å ha ført forbrukarane bak lyset. Foto:

Av
DEL

Forbrukartilsynet meiner at XXL medvite har ført forbrukarane bak lyset og politimelder sportskjeda.

– Etter mitt syn har formålet med XXL-praksisen vore å medvite føre forbrukarane og Forbrukartilsynet bak lyset. Nettopp derfor går vi til det steget å politimelde XXL for mogleg brot på føresegna i straffelova om bevispåverknad (§ 160), seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet til E24.

Det skjer etter at E24 i haust har avdekt ei rekkje kritikkverdige forhold i sportskjeda.

For å kunna reklamere med førpris i tilbodsaviser må butikken kunna vise til eit visst tal på sal av ei vare i tida opp mot ein kampanje. Fleire tilsette har sagt til E24 at dei kjøpte vara sjølv, for så å ta retur på henne rett etterpå.

I desember vart det offentleggjort ei eksterngransking utført av advokatfirmaet DLA Piper på oppdrag frå XXL. Advokatfirmaet fann mellom anna åtte «verifiserbare» tilfelle av fiktive varesal i XXL gjennom ein tiårsperiode.

– Det verkar ganske klart at meininga med dei fiktive transaksjonane må ha vore å skjule moglege brot på marknadsføringslova, seier Haugseth.

Pressesjefen i XXL-kjeda Marte Rasmuz Eriksen seier til Børsen at dei skal gå grundig gjennom brevet frå Forbrukartilsynet.

– Eg kan stadfeste at vi har fått eit brev frå tilsynet i dag. Vi vil setje oss grundig inn i saka, og det er for tidleg å seie noko ut over det no, seier ho til Børsen.

(©NPK)

Artikkeltags