Lov å ombestemme seg om du står på venteliste for elbil

KAN OMBESTEMME DEG: – Så lenge du står på venteliste, kan du når som helst trekke deg og få tilbake depositum på elbil, seier senior kommunikasjonssjef Nils Sødal i NAF.

KAN OMBESTEMME DEG: – Så lenge du står på venteliste, kan du når som helst trekke deg og få tilbake depositum på elbil, seier senior kommunikasjonssjef Nils Sødal i NAF. Foto:

Av

FORBRUKAR: Sjølv om du har sett deg på venteliste for elbil, er det lov å trekke seg undervegs, forsikrar NAF.

DEL

– Så lenge du står på venteliste, kan du når som helst trekke deg og få tilbake depositum, seier senior kommunikasjonssjef Nils Sødal i NAF.

Han peikar på at det er mykje å tenke på når ein skal kjøpe elbil, og at det kan vere fleire grunnar til at ein ombestemmer seg. Kortare rekkevidde enn ein var førespegla og høge kostnader er blant årsakene til at folk vurderer å droppe elbilen dei har venta på.

– Elbilen kan fort bli dyrare når han endeleg kjem i butikken. Særleg når du legg på det utstyret du skal ha. Difor er det rett og rimeleg at ein kostnadsfritt kan trekke seg frå å kjøpe bilen, seier Sødal.

Ifylgje NAF står nesten 40.000 nordmenn for tida i kø for elbil. I tillegg til usikre faktorar rundt pris og rekkevidde, er det også mange som lurer på om dei får elbil mens det framleis er avgiftsfritak.

Ifylgje NAF gjel fritaket frå eingongsavgift og moms fram til 2021.

– Kva som skjer etter det, veit ingen enno. Står ein framleis på venteliste, vil bilen blir langt dyrare om det blir lagt på moms på 25 prosent. Men då kan ein trekke seg frå lista om ein vil det, heiter det i pressemeldinga frå NAF.

Organisasjonen rår likevel folk til å stå på venteliste dersom dei ønskjer å vere blant dei første kundane som sikrar seg ein av elbilane i åra som kjem. Samtidig blir elbilkjøparane oppmoda til å lage seg ei sjekkliste med spørsmål dei bør tenke gjennom før dei seg set på liste.

Artikkeltags