Forbrukarrådet åtvarar mot bruktbilbutikkar

Bruktbilbransjen er klagebransje nummer ein hos Forbrukarrådet.

Bruktbilbransjen er klagebransje nummer ein hos Forbrukarrådet. Foto:

Av

Folk som kjøper bruktbil hos ein bruktbilforhandlar, er minst fornøgde, viser ei undersøking Forbrukarrådet har gjort.

DEL

Forbrukarrådet har spurt tusen bruktbilkjøparar om erfaringar med bruktbilkjøp. Om lag fire av ti kjøpte bruktbilen av ein privatperson, éin av tre kjøpte hos merkeforhandlar og éin av fire valde å kjøpe hos ein rein bruktbilforhandlar.

Dei som kjøpte hos bruktbilforhandlar, er minst fornøgde. Berre fire prosent av dei som kjøpte av merkeforhandlar eller privatperson opplevde kjøpsprosessen som negativ, medan elleve prosent av dei som handla hos bruktbilforhandlar, svarte det same.

Det er også færre av dei som har handla i bruktbilbutikk, som rapporterer om ei svært positiv kjøpsoppleving. Forbrukarrådet meiner, enn det kan tyde på dårlegare service hos bruktbilforhandlarane.

Fleire av dei som kjøpte bil hos ein bruktbilforhandlar, rapporterer om feil på bilen, enn blant dei som kjøpte av merkeforhandlar. Dei som kjøpte bil privat, rapporterer om like mange feil, men desse bilane er eldre, har gått lengre og kosta mindre enn bilane som vart kjøpt hos bruktbilforhandlar.

– Vi trur at delar av forklaringa her er at tradisjonelle bruktbilforhandlarar ikkje har same fokus på å gi kunden den gode kjøpsopplevinga. I tillegg vil mindre bruktbilhandlarar ofte vere meir avhengige av å handle på marginane, ved å kjøpe billig og selje dyrt. Når bilane er noko eldre, vil ofte det kunne bli oppskrifta på konflikt, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

Dersom du skal kjøpe bil hos ein rein bruktbilforhandlar, bør du be om tilstandsrapport frå ein uavhengig aktør, meiner Forbrukarrådet. Dei har også ei sjekkliste du kan bruke for å unngå problem.

Artikkeltags