Flytrøbbel i morgontimane

På grunn av kviletid for mannskapet gjekk ikkje første fly frå og til Førde i dag.

DEL

– Det var på grunn av kviletid for mannskapet. Flyet står her i Førde, og det nærmar seg no avgang, seier Cathrine Scheflo som jobbar hos Widerøe på Bringeland.

Ho seier passasjerane som vart ramma vart varsla søndag kveld.

Flyet frå Førde til Oslo klokka 06.25 vart innstilt. Dermed vart også flyet som skulle gått tilbake og lande i Førde 08.50 innstilt.

– No er mannskapet på plass, og flyet til Oslo klokka 09.10 vil gå som normalt, seier den tilsette på Bringeland.

Flyet til Florø og Bergen som skulle gått klokka 08.50 er også om lag ein halvtime forseinka.

Det har ny avgang 09.17.

Artikkeltags