Gå til sidens hovedinnhold

Skal huse 10 asylborn

Artikkelen er over 6 år gammel

Det tidlegare avlastingssenteret på Hopen i Eikefjord er omgjort til omsorgssenter for mindreårige asylsøkjarar.

– Omsorgssenteret skal gje einslege, mindreårige asylsøkjarar ein stad å bu medan asylsøknaden deira vert handsama, seier Jan André Hansen, direktør for KOA Ungdomstiltak AS.

Etter at Koa Sogn og Fjordane gjekk konkurs i fjor, har KOA AS jobba for å etablere eit nytt tilbod.

Styreleiar i KOA AS, Karl Aksel Vik er glad for at det no er drift att på Hopen.

– Korleis skal de få omsorgssenteret til å gå rundt økonomisk, med tanke på at avlastingssenteret gjekk konkurs?

– Vi prøvde å løyse utfordringane med Koa Sogn og Fjordane, men lukkast ikkje. Vi valde likevel å ta kostnaden med å leige området vidare og jobbe målretta med å reetablere drifta, seier Vik.

Dette er saka:

  • Frå 2009 til 2014 var KOA Sogn og Fjordane, eit avlastningssenter for eldre og funksjonshemma, lokalisert på Hopen, før det gjekk konkurs mai 2014.
  • KOA AS er leigetakar på Hopen. Firmaet tilbyr helse- og omsorgstenester til kommunar, offentlege etatar og private.

Ventar på vedtak

Omsorgssenteret tilbyr 10 plassar, som er kjøpt av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

– Med tanke på den pågangen vi har av asylsøkjarar til landet, var det eit behov for eit omsorgssenter for einslege mindreårige, seier Hansen.

– Kor lang tid plar asylhandsaminga å ta?

– Basert på tidlegare erfaringar tek det som regel eit halvt år før ungdommane får svar, men på bakgrunn av dagens situasjon er det sannsynleg å tru at det gå bortimot eitt år.

Skal kartleggje behov

Asylborn representerer eit mangfald i nasjonalitet, etnisitet, språk, alder, familie, flukt- og migrasjonsbakgrunn.

– Jobben vår er å gje borna omsorg og støtte, men også kartleggje behova deira, inntil busetjing eller retur, seier Hansen.

Dei fyrste asylsøkjarane kom førre veke, medan den siste kom natt til tysdag.

Gode butilhøve

I avtalen med Bufdir, som Firda har fått tilgang til, er omsorgssenteret mellom anna pålagd å legge til rette for at borna får opplæring i norsk, sosiale normer og verdiar, samt legge til rette for at dei får høve til å halde oppe si språklege, kulturelle og religiøse utfalding.

Hansen er oppteken av at borna skal ha det best mogleg, og det meiner han at ungane får.

– Hopen har gode bygg og ligg i naturskjønne omgjevnadar. Det er ein ypparleg plass å oppleve både barne- og ungdomstid, seier han.

Vidare fortel han at han er nøgd med samarbeidet med kommunen.

– Dei har teke oss godt i mot.

Eitt av tiltaka som er kome på plass, er at borna skal få norskopplæring

– Dei skal gå på skule som alle andre born, seier Hansen.

I praksis betyr det at borna skal gå i innføringsklassar i Florø. Dei yngste skal få norskopplæring på Torvmyrane skule, medan dei over 13 år får undervisning på Flora ungdomsskule.

Målet er å bli integrert

På ettermiddagane er målet at ungane skal delta på fritidsaktivitetar for å bli betre integrert.

– Sidan senteret akkurat har starta opp, har ikkje fritidsaktivitetane kome i gong enno. Men vi vil sjølvsagt leggje til rette for at borna skal få drive med det dei har interesse for, seier Hansen.

Kommentarer til denne saken