Blir mottak i minst tre år

Askvoll Fjordhotell: Blir det asylmottak her kan ein vente at hotellet blir brukt til det formålet dei kommande seks åra.

Askvoll Fjordhotell: Blir det asylmottak her kan ein vente at hotellet blir brukt til det formålet dei kommande seks åra. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Søknaden som Hero har inne hos UDI om asylmottak i Askvoll gjeld ordinær mottaksdrift.

DEL

Dei nye eigarane av Askvoll Fjordhotell sa til Firda laurdag at dei vil drive asylmottak så lenge UDI har bruk for det, og at dei deretter vurderer vanleg hotelldrift. Men det vil kan ta tid. Blir det mottak må ein rekne med at det blir der i seks år.

– Søknaden som Hero har sendt til UDI gjeld ordinær mottaksdrift for mindreårige asylsøkarar. Det vil seie at om UDI godkjenner den, skal dei drive i tre år, og har opsjon på tre år til, seier rådmann i Askvoll, Håkon Loftheim.

Han legg til at Fjordhotellet ikkje er av dei lokalitetane kommunen har spelt inn til fylkesmannen.

– Det vi har fått førespurnad om tidlegare var meir akutte mottak. Då kan ein bruke motell, hytter og liknande utanfor turistsesongen, seier Loftheim.

Artikkeltags