Mistenkeleg PC på Flesland forseinkar flytrafikken

FORSEINKA: Forseinkingar på Flesland i Bergen skapar problem for reisande tysdag føremiddag.

FORSEINKA: Forseinkingar på Flesland i Bergen skapar problem for reisande tysdag føremiddag. Foto:

SAMFERDSLE: Skal du reise med fly i dag må du rekne med ekstra ventetid.

DEL

Sikkerheitskontrollen på Flesland vart måndag morgon stengt grunna ein mistenkeleg PC i sikkerheitskontrollen.

– Vi er i gong med å normalisere situasjonen, men det vil vere forseinkingar utover føremiddagen, seier operativ sjef ved Flesland, Øyvind Skaar til BA.

Ifølgje operasjonsleiar hos politiet i Bergen, Frode Skaar, var det PC-en til ein polsk mann i 40-åra som er årsaka til stoppet. Då den vart skanna vart det påvist nokon ukjende stoff og bombegruppa i Oslo vart kontakta.

Flesland er no opna igjen, men det er venta forseinkingar utover dagen. Flyet som skulle gått frå Florø klokka 08.30 er utsett til 10.08. Flyet frå Sogndal klokka 09.15 letta 09.42.

Frå Førde er det ikkje kome informasjon om flyet som skulle gått til Bergen 09.15. På Sandane er flyet som skulle gått til Oslo via Sogndal klokka 10.00, utsett 20 minutt.

Artikkeltags