Lite sannsynleg med streik på Bringeland

BRINGELAND: Om det blir streik kan det bli forseinkingar eller kanselleringar på Bringeland.

BRINGELAND: Om det blir streik kan det bli forseinkingar eller kanselleringar på Bringeland. Foto:

FØRDE: Men ei eventuell streik på Sandane lufthamn kan få konsekvensar for dei som skal reise til og frå Bringeland.

DEL

– Det er ikkje komme varsel om streikeuttak på Bringeland, og det er ikkje sannsynleg at det kjem til å skje, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

196 medlemmer i Norsk Tjenestemannslag som omfattar flyplasstilsette, kan bli tekne ut i streik fredag 29. juni klokka 10.00 i Avinor og Avinor Flysikring. Sandane lufthamn er ein av flyplassane som kan bli råka av streik om partane ikkje kjem til einigheit ved midnatt på fredag.

Kan bli forseinkingar eller kanselleringar

Men om det blir streik på Sandane, kan dette også få konsekvensar for reisande også på Bringeland.

– Då kan det bli følgjeforseinkingar i nettverket og forseinkingar på dei andre lufthamnene. Det Bringeland eventuelt vil merke, er forseinkingar eller kanselleringar, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Streik kan starte om få timar

Flyteknikarane kan gå i streik allereie onsdag. Dei sit no i mekling med NHO Luftfart hos Riksmeklaren. Kjem dei ikkje til einigheit innan midnatt vil sit stort tal flykteknikarar ved fleire flyplassar her i landet stå klare til å legge ned arbeidet.

Artikkeltags