Ving: 9.000 nordmenn ramma av Thomas Cook-konkurs

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Over 9.000 nordmenn og 34.460 personar frå heile Norden er på reise med selskap under Thomas Cook. Selskapet opplyser at alle fly måndag er innstilte.

Litt over klokka 3 natt til måndag opplyste Thomas Cook sjølv på nettsidene sine at forhandlingane med den britiske staten om ein avtale for rekapitalisering av selskapet hadde brote saman. Frå den augneblinken var selskapet teknisk sett konkurs, og det går derfor mot ei styrt avvikling av selskapet.

I Noreg er Ving heileigd av Thomas Cook. Søndag kveld opplyste informasjonssjef Siri Røhr-Staff i Ving til E24 at 9.156 nordmenn er på reise med flyselskapet på ulike destinasjonar i heile verda.

– 8.685 av kundane er på tradisjonelle charterreiser. Dei fleste er i Middelhavsområdet i land som Hellas, Tyrkia, Bulgaria, Albania og Spania, uttalte ho til NTB søndag kveld.

Fly innstilte måndag

For heile Ving Norden er 34.460 reisande ramma av konkursen, opplyser Ving Norden som har hovudkontor i Sverige. Alle flygingar med selskapet Thomas Cook Airlines Scandinavia vil måndag bli innstilte, noko som vil ramma direkte 458 nordmenn som enten skal heim eller reise ut på ferie.

I alt blir over 6.000 menneske i Norden direkte ramma av konkursen måndag.

– Heilt til det siste har vi prøvd å sikre flyreisene til våre reisande, men har innsett at det ikkje er mogleg og vi har derfor inntil vidare måtta innstille alle avgangar måndag, seier konsernsjef Magnus Wikner for Vinggruppen i Norden på dei svenske nettsidene til selskapet.

– Vi beklagar verkeleg situasjonen som har oppstått og dei ulempene dette vil medføre for kundane våre, skriv Wikner.

Reisegaranti

Kva som no vil skje med desse reisande, var ikkje avklart ved 5-tida natt til måndag. Informasjonssjefen i Noreg svarte ikkje NTB på fleire førespurnader etter at konkursen var eit faktum.

På Vings norske nettsider blir det framleis opplyst at selskapet er i sluttfasen av ein rekapitaliseringsprosess og vist til ordningane som det norske Reisegarantifondet tilbyr. Det var ved 5-tida måndag morgon framleis mogleg å bestille reiser på dei norske nettsidene.

Ved ein konkurs kan kundar søke om erstatning hos Reisegarantifondet på nettsidene deira ved å legge fram reisedokument og kvittering på betalt reise.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken