SAS-pilot tatt med promille

Av
DEL

Ein SAS-pilot vart stoppa med promille då han skulle på jobb på Stavanger lufthamn Sola.

Piloten vart stoppa i ein rutinemessig promillekontroll 11. juni, men episoden har ikkje vore kjent før no, skriv Stavanger Aftenblad.

Pilotens blåseprøve gav utslag, og den følgande blodprøven viste òg at piloten hadde ulovleg høg konsentrasjon av alkohol i blodet. Promillen skal ha vore i nærleiken av grensa på 0,2.

Politiet har dermed stoppa to SAS-tilsette med promille på flyplassen berre i løpet av éin månad.

– Dette er to ekstrem uvanlege hendingar, seier kommunikasjonsdirektør Karin Nyman i SAS.

Ein kvinneleg kabintilsett i SAS vart tatt med promille søndag 7. juli. Flyet som skulle til København fekk aldri letta, og vart kansellert med årsakskode «operational reasons».

Etter det Aftenbladet erfarer, vart piloten fråtatt flysertifikatet etter hendinga og er ikkje lenger tilsett i SAS.

(©NPK)

Artikkeltags