Dataproblema er løyst, men helikoptertrafikken går framleis ikkje som normalt.

Datafeilen er løyst, men det vil framleis vere forseinkningar.

Datafeilen er løyst, men det vil framleis vere forseinkningar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein feil i eit datasystem førte til store problem med avviklinga av helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen. Problema blei løyst onsdag kveld.

DEL

Det stadfesta Statoil overfor NRK onsdag kveld. Men ifølge Statoil vil ikkje trafikken gå som normalt før tidlegast fredag. Forseinkingar må reknast med også torsdag.

Det var ein feil i bookingsystemet DaVinci som førte til at ingen helikopter kunne fly onsdag, skriv Sysla. Basane på Flesland, Stavanger, Florø, Kristiansund og Brønnøysund blei råka.

Stansen fekk konsekvensar for bytte av personell på plattformene. Statoil åleine har dagleg omtrent 40 avgangar frå fastlandet.

Både Statoil og Aker BP gjekk i løpet av dagen over til manuell registrering for å få helikoptera av garde, noko som tok såpass lang tid at berre rundt halvparten av flygingane blei gjennomført.

Datafeilen gjaldt alle selskapa som opererer i Nordsjøen.

Artikkeltags