Morgonavgang til Oslo blir kutta

KUTT: Avgangen klokka 09.10 frå Bringeland til Oslo blir kutta frå 1. april.

KUTT: Avgangen klokka 09.10 frå Bringeland til Oslo blir kutta frå 1. april. Foto:

SAMFERDSLE: 09.10 avgangen frå Bringeland til Oslo blir fjerna.

DEL

Frå 1. april blir 09.10-avgangen direkte til Oslo fjerna og erstatta med ein avgang klokka 11.05. Det betyr at dei reisande frå Bringeland ikkje har eit direkte-alternativ til Oslo mellom klokka 06.30 og 11.05. Det får både ordførarar og næringsliv til å reagere.

– Avgangen er veldig viktig for næringslivet og eit godt alternativ til dei som ikkje treng å reise klokka 06.30, seier Mathias Råheim (H), Gaular-ordførar og leiar i Interesseutvalet for Førde lufthamn, Bringeland i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Interesseutvalet består av ni kommunar og representantar frå næringslivet. Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utviklin og med i interesseutvalet, seier til Firda at dei reagerer på at Widerøe kuttar ein så populær avgang.

– 09.10-avgangen har vore veldig populær, og det har faktisk vore høgre passasjertal på denne enn på 06.30-avgangen. Då er det veldig rart for oss at dei ved eit pennestrøk fjernar 09.10-avgangen, seier han.


Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags