Mangel på mannskap – kansellerer flygingar

INNSTILTE FLY: Widerøe har fleire innstilte fly både torsdag og fredag grunna mangel på mannskap.

INNSTILTE FLY: Widerøe har fleire innstilte fly både torsdag og fredag grunna mangel på mannskap. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Widerøe hadde fleire innstilte fly torsdag. Problema held fram fredag.

DEL

Ifølge selskapet, er bakgrunnen for kanselleringane mangel på bemanning. Informasjonssjef Catharina Solli seier at rutenettet over heile landet er ramma.

– Nokre av kanselleringane er varsla på førehand. Men i tillegg, har vi måtte kansellere nokre flygingar dei siste to dagane og i dag, seier Solli til NTB fredag.

Ho vil ikkje ut med tal på avgangar og passasjerar som er ramma. Ifølge Avinor si oversikt er avgangane Kristiansand-Bergen, Oslo–Førde, Bergen–Aberdeen, og rutene Tromsø–Kirkenes, Tromsø–Hammerfest–Honningsvåg kansellert fredag.

Oversikt flygingar

Torsdag vart 09.10-flyet og 09.30-flyet frå Førde kansellert. Dei tre flyavgangane seinare på dagen, gjekk som normalt. Men fredag vart 09.10-flyet nok ein gong innstilt. Neste fly frå Førde lufthamn har planlagt avgang 15.55 fredag.

I Florø vart flyet som skulle gå 08.55 torsdag morgon kansellert.

Ved Sandane lufthamn vart 06.22-flyet innstilt torsdag morgon.

Også Sogndal lufthamn hadde problem torsdag morgon, og måtte kansellere 07.05-flyet til Bergen.

På morgonen fredag har flya frå Florø, Sandane og Sogndal gått som normalt.

Full refusjon

Solli beklagar problema og seier at flyselskapet jobbar dag og natt for å få passasjerane fram.

– Alle som er ramma, blir kontakta på sms, etterfølgt av e-post med alternativt ruteforslag. Viss det går greitt, så gjer ein ikkje meir og møter opp til ny rutetid. Dersom ikkje dette passar, finn vi ei løysing saman med kunden, og tilbyr også full refusjon dersom ein ikkje finn noko løysing, seier informasjonssjefen til NTB.

Artikkeltags