Flyselskap innfører nye betalingsreglar om handbagasjen er for stor

Får du ikkje plass til handbagasjen under setet? Då må du betale, seier Norwegian.

DEL

Reglane trer i kraft frå 1. februar, melder E24.

Til no har du kunne ta med deg 10 kilo bagasje gratis inn i flykabinen på reiser med Norwegian. Frå februar av vil Norwegian ta gebyr for handbagasjen viss den ikkje får plass under stolsetet framfor, skriv den danske luftfartsavisa Check-in.dk.

Det betyr at all bagasje som ikkje får plass under stolsetet må betalast for. Men kva prisen blir er førebels ikkje klar.

Det kjem også nokre endringar i bagasje-reglane.

Maksvekta på innsjekka bagasje aukar frå 20 til 35 kilo, medan kundar ned fleksibel billett kan ha med seg 15 kilo handbagasje i staden for 10 kilo.

Artikkeltags