Naudbluss utløyste full alarm

DEL

Hovudredningssentralen måtte tysdag kveld rykke ut etter at det kom melding om ein observasjon av raudt naudbluss vest for Ytterøyane fyr ved Kinn.

Florø Radio blei også varsla og politiet bad om tips i saka frå folk som kunne ha sett noko. 

01.41 i natt blei situasjonen avklart, melder politiet på twitter. Det viste seg at det var oljeplattforma Gjøa som hadde fakla - løyst ut gass - lenger enn normalt.

Artikkeltags