Politiet måtte pepar-spraye florømann

KNUST: Den eine ruta på politibilen vart knust då ein mann slo seg vrang under pågriping.

KNUST: Den eine ruta på politibilen vart knust då ein mann slo seg vrang under pågriping. Foto:

Politiet i Florø måtte ta drastiske verkemiddel i bruk mot ein mann torsdag kveld.

DEL

Firdaposten: Torsdag kveld i titida fekk politiet i Florø melding om at ein mann kom med truslar og hadde gjort skadeverk på ei adresse. Då politiet rykte ut til staden, slo den mistenkte mannen i 30-åra seg skikkeleg vrang då han skulle arresterast.

Då det gjekk så langt at han knuste eine ruta på politipatruljen sin bil, tok politiet i bruk peparspray for å få kontroll på han.

Det heile enda med at mannen måtte køyrast til Førde sentralsjukehus for å behandling etter pågripinga.


Artikkeltags