Alarmen har gått i politihuset – politiet hiv seg på hjul for å kome tilbake

ALARM: Ein automatisk brannalarm har gått av ved politihuset i Florø.

ALARM: Ein automatisk brannalarm har gått av ved politihuset i Florø. Foto:

Men det er ingen brann å spore, melder politiet.

DEL

Ein automatisk brannalarm har gått av i politihuset i Florø fredag formiddag.

– Brannvesenet er på staden no, men det er ikkje registrert noko varme frå rommet der alarmen blei løyst ut, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Ein politipatrulje frå Florø som var i Førde, har gjort heilomvending og er no på veg tilbake til kystbyen.

– Vi tenkte det var greitt å kalle dei tilbake, men det er folk ute på staden også.

Kva som har utløyst alarmen er uvisst.

Artikkeltags