130 bilar blei stoppa. Gjett kor mange som hadde promille

KONTROLL: Her er Vibekke Ødegård i aksjon i Florø onsdag morgon.

KONTROLL: Her er Vibekke Ødegård i aksjon i Florø onsdag morgon. Foto:

DEL

– Det er alltid kjekt når ein har slike kontrollar der ingen hadde promille, seier Vibekke Ødegård, politibetjent ved Florø politistasjon.

Denne veka er det nasjonal ruskontrollveke med fokus på å førebyggje og avdekke promillekøyrarar.

89 måtte blåse

I morgontimane onsdag hadde florøpolitiet ein aksjon der 89 bilar var stoppa, og alle blåste null i promille.

– Vi forventar jo at ingen har promille, men det er klart det er fint å sjå at folk tek omsyn til reglane. I dag tidleg var folk også veldig hyggelege, og vi fekk inntrykk av at folk var glad for at vi var ute og kontrollerte, seier ho.

– Viktig å ha fokus på dette

Ifølge Ødegård er slike kontrollar viktige for å sikre trafikktryggleiken.

– Det er viktig å ha fokus på promille og rus i trafikken.

– Vi har oftare kontroll utan at vi tek nokon enn at nokon blir tatt med promille. Men det skjer at folk har promille og difor er det viktig at vi har kontrollar.

Også på Sandane var det ruskontroll onsdag.

UP-patrjuljen i Nordfjord kontrollerte 41 førarar, og alle var edru.

Artikkeltags