Sparka politimann og kom med drapstruslar

DEL

Klokka 00.45 natt til laurdag fekk politiet melding om slagsmål ved Strandgata i Florø.

– Det var eit slagsmål mellom to menn, der dei eine skal ha tatt kvelartak på den andre, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Patruljen kom fram til staden og fekk kontroll på situasjonen, men dei eine mannen gjorde seg vanskeleg då han måtte inn i politibilen.

– Han sparka politibetjenten i skuldra og truga med at han skulle drepe politimannen, seier Algrøy.

Mannen i midten av 40-åra vart tatt med til politiarresten, der han har sove i natt. Han blir meld for vald.

Artikkeltags