Kvinne drepen i Florø – ein person arrestert

UTRYKKING: Både politi, ambulanse og luftambulanse rykte ut til ei adresse i Florø fredag kveld.

UTRYKKING: Både politi, ambulanse og luftambulanse rykte ut til ei adresse i Florø fredag kveld. Foto:

DEL

Klokka 20.00 fredag kveld fekk politiet inn ei melding om ei hending på ei adresse i Florø.

Politi og ambulanse rykte ut til adressa og fann ei kvinne som var knivstukken. Det vart gjort forsøk på livreddande førstehjelp, men klokka 20.30 vart kvinna erklært død på staden av lege.

Politiet har ein antatt gjerningsperson. Han vart arrestert på staden.

– Vi har sett i gang etterforsking av drap. Kriminalteknikarar er på veg, opplyser Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Fredag kveld var ikkje dei pårørande varsla.

I løpet av kvelden sette vakthavande lege i Florø og det kommunale legeapparatet i verk sine hjelpefunksjonar.

– Vi etablerer no helsehjelp til familien og til andre involverte, seier kommunelege Ronny Cassells i ein kort kommentar til Firdaposten.

Politiet ønskte ikkje å gje meir informasjon om hendinga på fredag kveld. Nye opplysningar er venta i 08-tida laurdag morgon.

Har du tips i saka? Då set vi pris på om du kontaktar oss på 57833300 eller redaksjon@firda.no.

Artikkeltags