Bil vart stolen onsdag – blei funnen att på Krokane dagen etter

Av
DEL

FIRDAPOSTEN: Ein personbil vart onsdag kveld stolen frå ei privat adresse i Firdavegen i Florø.

Bilen vart funnen att torsdag ettermiddag, på Krokane. Gjerningsmannen er ikkje teken, melder stasjonssjef Wenke Hope ved politikammeret i Florø fredag ettermiddag.

– Det er sikra spor i bilen, men vi har førebels ikkje fått svar på desse. Spora skal no sendast inn til analyse, seier Hope og legg til:

– Men vi oppfordrar på nytt folk til å låse bilane sine og ikkje la nøklane stå i tenningslåsen.

Artikkeltags