Fleire flypassasjerar i Florø og Førde

VEKST: Florø lufthamn hadde sterk passasjervekst i juli.

VEKST: Florø lufthamn hadde sterk passasjervekst i juli. Foto:

Av

FLYTRAFIKK: I juli hadde Florø lufthamn over 15 prosent fleire passasjerar enn same månad i fjor. Førde lufthamn auka med dryge seks prosent.

DEL

I feriemånaden juli var det mange som reiste til og frå Florø lufthamn.

Flyplassen kan sjå tilbake på ein månad med 20 prosent fleire terminalpassasjerar enn same månad året før, og 17 prosent fleire offshorereisande. Samla sett, med alle variablar, var auken på 15,2 prosent i juli. 

11.435 passasjerar totalt reiste til og frå Florø denne månaden.

Auke i Førde også

Førde lufthamn hadde også ein auke, på totalt 6,3 prosent. 5887 passasjerar nytta denne flyplassen i juli.

Både Florø og Førde hadde fleire flygingar i juli i år enn i 2017. Florø hadde 475 og Førde 295 ordinære passasjerflygingar, mens Florø i tillegg hadde 187 offshoreflygingar.

Stor nedgang på Sandane

Dei to andre lufthamnene i fylket, Sandane og Sogndal, hadde begge passasjernedgang. Sandane hadde totalt 3542 passasjerar, inkludert 411 transittpassasjerar, ein nedgang på -26,7 prosent. Sogndal hadde 6604 passasjerar, 2435 av dei transittpassasjerar på mellomlanding, ein totalnedgang på -5,5 prosent samanlikna med 2017.

På landsbasis var passasjerveksten totalt på om lag fire prosent i juli månad.

Diskuterte flytilbodet med samferdsleministeren

Flyplass

Juli

Hittil i år

Florø

11.435 (+ 15,2 %)

81.833 (+1,7 %)

Førde

5887 (+ 6,3 %)

48.124 (- 1 %)

Sogndal

6604 (- 5,5 %)

49.288 (- 5,6 %)

Sandane

3542 (- 26,7 %)

24.721 (- 6 %)

     

Færre flydde i juni 

Artikkeltags