6–8 ungdommar slåst i Florø

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 22.40 laurdag kveld fekk politiet melding om uro i Florø.

– 6–8 personar slåst, var meldinga vi fekk, seier politiets innsatsleiar Synnøve Domben søndag morgon.

Då politiet kom fram viste det seg at fleire ungdommar var involverte i ein slåstkamp.

– Dei vart fleire ungdommar som var på eit vorspiel. Nokre av gutane hadde byrja å leikeslåst, men så hadde det tatt overhand, fortel Domben.

Ingen skal vere skadde etter hendinga, og politiet har ikkje oppretta sak på forholdet.

Amper stemning i Førde

Også i Førde fekk politiet melding om amper stemning. Klokka 0340 fekk politiet telefon om at det var knuffing mellom to personar i sentrum. Dei rykte ut.

– Då vi kom på staden var partane gått kvar til sitt. Det skal ha vore to personar som var ueinige om noko, men det vart ordna opp i før politiet kom fram, seier Domben.

Det skal ikkje ha vore snakk om vald i denne episoden.

Fleire hendingar i Florø

Politiet måtte også rykke ut til to andre oppdrag i Florø natt til søndag. Den eine gjaldt ein mann som ikkje klarte å oppføre seg på Vassendgutane-konsert. Den andre gjaldt ein mann som skal ha blitt skalla ned av ein annan.

Artikkeltags