Klarte verdsrekord med Evoy1!

Fredag ettermiddag var både NRK, TV2 og fleire andre media på plass i Florø for å dokumentere Leif Stavøstrand sitt verdsrekordforsøk med Evoy1.

DEL

(FIRDAPOSTEN): Han har snakka om det heilt sidan båten kom på vatnet, Leif Stavøstrand. Å køyre fortare enn nokon andre har gjort med ein elektrisk båt. Rekorden som måtte slåast var på 51,3 knop, og han har vore brennsikker på at Evoy1 har nok krefter i seg til at det er eit realistisk mål.

Og fredag fekk han bevist det. Med NRK, TV2 og fleire andre media som tilskodarar tok han verdsrekorden med god margin.

Stavøstrand fortel til Firdaposten at han under forsøket såg ned på speedometeret, og leste av heile 55,5 knop. For at det skal registrerast som verdsrekord vert det gjort ei gjennomsnittsutrekning, og den nye verdsrekorden vil då truleg vere på 54 knop og tilhøyre Stavøstrand og hans Evoy1.

Som Hub for ocean skriv på Facebook;
– Då er det altså offisiellt; Evoy1 frå Florø er verdas raskaste serieproduserte elbåt, med minimum 54 knop. Vi gratulerer!

Firdaposten kjem tilbake med meir

Fredag skal Leif sette ny verdsrekord

Artikkeltags