Varm olje førte til full brannutrykking

Brannmannskaper rykte onsdag kveld ut til røykutvikling på Ewos.

Brannmannskaper rykte onsdag kveld ut til røykutvikling på Ewos. Foto:

Alle er ute av bygget.

DEL

Ved 17-tida i ettermiddag rykte brannvesenet i Florø ut, etter at det var meldt om masse røyk frå Ewos' fabrikkbygg.

– Det kunne sjå ut som om nokon hadde gløymt å stenge ein krane til ein tank med rapsolje, slik at noko olje hadde leke ut. Dette er oppvarma olje, som dermed gav frå seg ein god del røyk då den hamna på golvet, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Politiets alarmsentral.

– Det har ikkje vore opne flammar, og ingen har fått røyken i seg, så vi opprettar ikkje sak på dette, seier Algrøy.

Hanne Dankertsen er kommunikasjonsdirektør i Ewos. Ho stadfestar til Firdaposten det politiet seier.

– Det oppstod røykutvikling i samband med ei oljelekkasje i ein tank i eit av oljeromma våre. Det var ikkje branntilløp og situasjonen kom raskt under kontroll. Det var ikkje fare for skade, verken på personar eller utstyr. Olja er no i ferd med å bli soge opp av ein sugebil, og det er ikkje noko utslepp til ytre miljø.

Artikkeltags