Pipebrann i Florø. Tre personar evakuert

PIPEBRANN: Brannvesen og politi rykte ut til pipebrann i Strandavegen i Florø torsdag.

PIPEBRANN: Brannvesen og politi rykte ut til pipebrann i Strandavegen i Florø torsdag. Foto:

Politi og brannvesen rykte ut då det kom melding om pipebrann i Florø.

DEL

Vest politidistrikt melder at det er pipebrann på ei adresse i Strandavegen i Florø. Det brenn berre i pipa.

– Brannvesenet melder at dei har kontroll over brannen, og driv med utlufting no. Det er tre personar som har bustad på adressa, desse er no evakuerte. Det er ikkje meldt om personskadar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding kl. 10.53 torsdag. Politi og brannvesen var på staden kort tid etter.

Ulmar framleis

Politiet på staden seier til Firdaposten at det har vore ei opphopning i pipa som har teke fyr, og at dette framleis ulmar.

Brannvesenet har kontroll på pipebrannen, og blir verande på staden til brannen er heilt sløkt slik at dei får stake ut restane av glør.

Artikkeltags