Mann i 60-åra krasja i fjellvegg på rv. 5

ULUKKE: Ein bil krasja på rv. 5 i Brandsøy i Florø onsdag 2. oktober.

ULUKKE: Ein bil krasja på rv. 5 i Brandsøy i Florø onsdag 2. oktober. Foto:

Vegen er no rydda og føraren er frakta til legevakt i Florø, melder politiet.

DEL

Like etter klokka 12.00 onsdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke på rv. 5 i Brandsøy. Det var Firdaposten som først melde frå om ulukka.

– Det er ein mann i 60-åra som har køyrt over i motgåande køyrefelt og inn i fjellveggen. Mannen har forklart at han truleg har vore litt uoppmerksam, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda like før klokka 14.00.

Politiet har kverrsett førarkortet til mannen.

Ifølgje Magnussen er mannen køyrt til legevakt for sjekk. Bilen fekk store skadar, men berre på venstre side. Vegen var steng ei lita stund som følgje av ulukka, men er no open att.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags