Lastebil har køyrt av vegen

Ulykka har skjedd ved Norddalsfjordkrysset på fv. 614.

DEL

Klokka 16.20 melder Vest politidistrikt at ein lastebil har køyrt ut av vegen. Det skal vere glatt på staden, men førar kom frå uhellet utan skadar, melder politiet.

Det var så vidt passasje for personbilar etter ulykka.

– Lastebilen står godt i grøfta. Tungbilbergar er bestilt og i den forbindelse blir vegen stengd i ca. ein time frå no. Det er meldt om litt dieselsøl på staden, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt like før klokka 17.00.

Ingen andre bilar var involvert i hendinga.

Klokka 18.10 er eitt felt opna for trafikk igjen for manuell dirigering.

Artikkeltags