Nickolai skulle hente røykelaks verdt 1000 kroner, men tjuven kom før han

ETTERLYSING: Nickolai Willis ber folk som plutseleg har mykje røykelaks eller har opplysningar i sak om å ta kontakt.

ETTERLYSING: Nickolai Willis ber folk som plutseleg har mykje røykelaks eller har opplysningar i sak om å ta kontakt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORA: Nickolai ville glede sine danske vener med røykelaks frå Svanøy. No etterlyser han tjuven på Facebook.

DEL

«Prøver å finne rette vedkommende: Det stod ei isoporkasse med mitt navn på ved hyttecontaineren på Storebru som var full av røykelaks frå Svanøy røykeri. Den blei plassert der kl. 07.30 og då vi kom kl. 08.15 var den stjålet. Om nokon plutselig har masse røykelaks eller om du veit noko, ta kontakt».

Forsvann på 45 minutt

Dette innlegget publiserte Nickolai Willis frå Florø på Førde si kjøp- og salg-gruppe på Facebook onsdag. Meldinga er og publisert på Hyen-sida.

Mor hans hadde plassert ein isoporkasse med røykelaks frå Svanøy ved hyttekonteinaren på Storebru (mellom Naustdal og Eikefjord). Kassen var merka med namn, men då Nickolai skulle hente den 45 minutt etter, var den vekk.

– Vi hadde besøk frå Danmark og dei skulle få med seg laksen heim att. Dette var røykelaks til over 1000 kroner, fortel Nickolai.

– I ettertid tenkjer ein at ein kunne vore meir forsiktig, men slike overleveringsavtalar er vanleg her omkring, så eg tenkte jo at det ville gå fint, legg han til.

For å ha sett pakken må ein ha køyrt inn krysset mot Hyen, seier han.

– Eg sjekka også i konteinarane for å vere sikker på at ikkje nokon hadde hive den, men der var den heller ikkje. Eg har ikkje noko håp om å få igjen pakken altså, men håpar at det skal stikke litt i samvittigheita til den som har tatt den, seier han.

Fristar ikkje for gjentaking

Heldigvis ordna det seg med norsk røykelaks til danskane.

– Vi stoppa i Førde og fekk kjøpt Svanøy-laks der, men det vart jo endå dyrare.

– Kjem du til å avtale slike overleveringar igjen?

– Nei, ikkje til dei verdiane, seier han og ler.

– Dette vart ei litt lei sak. Eg hadde jo håpt at dette skulle gå i orden, legg han til.

Artikkeltags