Florø-kvinne dømd for drapstruslar mot Stephen Hawking

TRUA: Den kjende fysikaren og matematikaren, Stephen Hawking mottok over 100 truslar frå Florø-kvinne.

TRUA: Den kjende fysikaren og matematikaren, Stephen Hawking mottok over 100 truslar frå Florø-kvinne. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Kvinna i 30-åra er dømd for å sendt over 100 drapstruslar til den britiske fysikaren.

DEL

Dette melder Canariajournalen fredag.

Den kjende fysikaren og matematikaren, Stephen Hawking, er denne veka på besøk under vitskaps- og kulturfestivalen Starmus i Arona på Tenerife.

På måndag skal han ha motteke over 100 truslar med orda «Eg skal drepe deg», «Eg er svært nær deg, og eg har tenkt å drepe deg» og liknande truslar til si e-postadresse frå ei kvinne. Ifølgje Canariajournalen er kvinna busett i Florø, og ho skal også ha lagt ut truslar på Twitter-sida hans.

Skal ha trua han i årevis

Det skal ha vore sønene til Hawking som oppdaga meldingane. Ifølgje Canariajournalen skal kvinna ha trakassert og trua Hawking i årevis, og skal ha reist på festivalen på Tenerife for å vere i nærleiken av han.

Kvinna vart arrestert onsdag på hotellet der ho budde. På rommet hennar fann politiet notat om Hawkings private bustad og arbeidsplass, detaljerte opplysningar om Hawkings sine bevegelsar og planar for korleis han skulle drepast.

Motivet bak truslane skal vere at Hawking nektar for Gud sin eksistens. Kvinna skal ha erkjent forholda.

Slepp å sone

Lagmannsretten i Arona har dømt Florø-kvinna til fire månadar i fengsel, men ifølgje avisa La Opinion slepp ho å sone i fengsel, med mindre ho gjer ei ny straffbar handling i løpet av to år og reiser tilbake til Norge laurdag.

Ho er også dømd til å halde seg på minst 500 meters avstand frå Hawking og har forbod mot å kommunisere med han dei neste åtte månadane.

Artikkeltags