Dei ivrigaste jegerane skaut nær all hjorten dei fekk tildelt

STORE FORSKJELLAR: Kor ivrige jegerane er, varierer stort i Sogn og Fjordane.

STORE FORSKJELLAR: Kor ivrige jegerane er, varierer stort i Sogn og Fjordane. Foto:

Hjortejegerane i Flora og Gaular var dei ivrigaste i fjor, medan det i Solund var mange dyr som fekk gå i fred.

DEL

Dette kjem fram i hjorteviltregisteret, der fjorårets hjortejakt er registrert. (sjå tabell i botn av saka)

Her går det fram kor mange dyr som er tildelt den enkelte kommune, kor mange som er felt og kva det utgjer i prosent. Forskjellane er store frå kommune til kommune.

Jegerane i Flora kommune var dei mest aktive i fjor: Her blei 784 dyr skotne, noko som er nær 90 prosent av dei 872 tildelte dyra.

Gaular-jegerane er hakk i hæl: Av dei 906 dyra som blei tildelt i 2018, blei 799 skotne. Det utgjer ein fellingsprosent på 88,2.

I Solund derimot tok jegerane det meir med ro under fjorårets haustjakt. Her vart det totalt tildelt 205 dyr. Berre 29 av dei blei felt, noko som utgjer 14,1 prosent.

Totalt blei det i Sogn og Fjordane tildelt 18.376 hjort i 2018. Det blei felt 12.243 dyr, noko som utgjer ein fellingsprosent på 66,6 prosent.

I statistikken frå registeret kan ein også sjå kor mange hodyr eller hanndyr som blei felt.

Så mykje hjort blei skote i 2018

                Tildelt         Felt       Prosent

Gloppen:    857           627         73,2

Jølster:      567           394         69,5

Førde :      538           377         70,1

Askvoll:     949            615        64,8

Fjaler:        918           719        78,3

Hyllestad:  688           489        71,1

Høyanger: 816           600       73,5

Gulen:       906           524        57,8

Solund:     205           29         14,1

Flora:        872          784         89,9

Gaular:      823         663         80,6

Naustdal:  622         432         69,5

Kjelde:  Hjorteviltregisteret

Artikkeltags