Færre i Sogn og Fjordane får restskatt, fleire får pengar til gode

MINDRE RESTSKATT: Fredag kan du sjekke skattelistene. Tal frå Skatteetaten syner at totalsummen på restskatt i fylket går ned.

MINDRE RESTSKATT: Fredag kan du sjekke skattelistene. Tal frå Skatteetaten syner at totalsummen på restskatt i fylket går ned. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKATTEOPPGJERET: I Sogn og Fjordane får 69.614 skattytarar til saman nær 865 millionar kroner igjen på skatten, mens 14.479 personar må til saman betale 311 millionar i restskatt.

DEL

Skatteoppgjeret for 2016 er no klart, og fredag blir listene opne for sjekking.

I Sogn og Fjordane får 69.614 skattytarar pengar igjen på skatten. Skattytarane får betalt tilbake 865 millionar kroner, noko som i snitt er 12.418 kroner på kvar.

Til samanlikning hadde 68.128 skattytarar året før i gjennomsnitt 12.850 kroner til gode. Det kjem fram av ei pressemelding frå Skatt vest.

Også totalsummen på restskatt i fylket går ned. 14.479 personar må til saman betale 311 millionar i restskatt. Dette er eit snitt på 21.502 kroner. I fjor fekk 15.225 personar ein total restskatt på 345 millionar kroner, som i snitt gav restskatt på 22.654 kroner.

I Flora har 7.481 skattytarar i gjennomsnitt 13.063 kroner til gode, mens 1.543 personar i gjennomsnitt må betale 21.390 kroner i restskatt.

I Førde får 7.711 skattytarar 11.759 igjen på skatten, mens 1.777 personar må betale eit snitt på 27.239 kroner i restskatt, melder Skatt vest.

Tal frå alle kommunar og frå tidlegare år finn du på skatteetaten.no.

Artikkeltags