Cruiseskip fekk 700.000 i bot etter at Jostein melde frå

Jostein Lange Bergset, hamnesjef i Aurland

Jostein Lange Bergset, hamnesjef i Aurland Foto:

Av

Syntest skipet sende ut mistenkeleg mykje røyk.

DEL

[Firdaposten]Jostein Lange Bergset var tidlegare tilsett i Flora Hamn som driftssjef, og han har også vore konstituert som hamnesjef. Sidan 1. april i fjor har han hatt stillinga som hamnesjef i Aurland kommune i Sogn.

Får 700.000 i gebyr for utslepp i verdsarvfjordar 

Det var 16. april at det 36 år gamle cruiseskipet var på besøk inst i Sognefjorden. Då skipet låg til kai Flåm, syntest Bergset at det sleppte ut altfor mykje røyk. Dermed melde han frå til Sjøfartsdirektoratet, som kom på inspeksjon dagen etter, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Og målingane dei gjorde då, førte altså til 700.000 kroner i bot for reiarlaget Global Cruise Lines Ltd.

Det er vel to månader sidan det kom nye utsleppsreglar for verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, som mellom anna avgrensar kor mykje svovel skipa kan sleppe ut, og det er ulovleg med utslepp av kloakk og gråvatn. Berre skip som er verna/freda av Riksantikvaren kan søke om dispensasjon frå nokre av krava.

Bergset seier til NRK han ikkje er så oppteken av sjølve bota.

– Men eg har glad dei har følgt opp regelverket – det ønskjer vi velkommen.

Stortinget har også vedteke at Geirangerfjorden og Nærøyfjorden skal vere heilt utsleppsfrie frå 2026.

Artikkeltags