Kristine og May Cecilie har debutert som programleiarar

PREMIERE: MayCecilie Valvik og Kristine Melvær, her saman med Truls Pedersen frå Fabelaktiv. Torsdag kom  første program.

PREMIERE: MayCecilie Valvik og Kristine Melvær, her saman med Truls Pedersen frå Fabelaktiv. Torsdag kom første program. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MEDIA: May Cecilie Valvik og Kristine Melvær i Florø er tv-reporterar til TV BRA.

DEL

– Ver blid, få gjesten til å føle seg velkommen, og pass på at du ser bra ut og luktar godt.

May Cecilie Valvik og Kristine Melvær var klare på korleis ein god programleiar skal vere då dei blei intervjua av Firdaposten tidlegare i år.

Premierefest

Dei blei då intervjua om at TV BRA, som er ein nett-tv-kanal av og for menneske med ei utviklingshemming, skulle etablere regionkontor i Sogn og Fjordane. Her blir Miljøhuset i Florø involvert som det nye regionalkontoret, skriv Firdaposten.

Tidlegare i år var Melvær og Valvik på kurs hos TV BRA i Bergen og i Media City. Dei to skal vere dei nye reporterane til TV BRA.

Nyleg var dei tilbake i Bergen for å vere med på premierefest. Torsdag var det nemleg premiere på BRA SENDING, som er eit fast magasin som TV BRA skal sende kvar månad framover.

Det blei markert med snorklipping og stor bravur. Det blir Vestlandets første TV-sending av – og for utviklingshemja.

Her kan du sjå sendingane frå TV BRA.

Reportasjar frå kystbyen ein gong i månaden

Firdaposten intervjua dei nye journalistane på Miljøhuset tilbake i februar, og då var dei klare på at den første dei ville intervjue var ordførar Ola Teigen. Det har dei no gjennomført, og resultatet var å sjå torsdag.

Ordføraren fekk mellom anna spørsmål om det er kjendisar i Florø, og kanskje får vi vite kva ein ordførar eigentleg driv med.

Det vil bli sendt ein reportasje frå Florø ein gang pr. månad i tida framover.

Snart blir Kristine og May Cecilie TV-stjerner! 

Artikkeltags